TYSDAG KL.10-15 OG TORSDAG KL.18-23

OPE HUS 

GYMMEN SCENE

Kvar tysdag og torsdag opnar Gymmen Scene dørene for ungdom f.o.m. 9.klasse til 3 VGS. 


Frå kl.10 på tysdagar kan du stikke innom Gymmen for å gjere skulearbeid, henge med venner, høyre på musikk eller berre sige ned i ein sofa for ei stund. Skal det vere gruppearbeid i klassen og de treng ein stad å sitte fleire i lag? Då kan Gymmen vere eit alternativ!


Torsdag kveld kan vi rulle fram karaokemaskina vår, du kan spele brettspel eller kort, vi skal få vår nye dartskive opp på veggen og syng og spelar du instrument? Då kan vi rigge til scena for at du kan opptre på torsdagskveldane.


Vi har laga forslagskasse som står ved døra i gangen, der du kan skrive ned kva du vil drive med når du er på Gymmen. Så kan vi legge tilrette for at det vil skje! 


Vi har ope kvar tysdag kl.10-15 og torsdag kl.18-23.

Baren er open for sal av kaffi, te, kakao, brus og vatn. 


Stikk innom då vell! :)