Studio

Gymmen Studio finn du i kjellaren på Gymmen Scene. Vi har nyleg oppgradert med nytt utstyr og har  eit fullt operativt studio som står klar til bruk! 

Studioprosjekt for ungdom

Etter at vi måtte flytte oppstart av studioprosjektet vårt som var planlagt våren 2021 grunna covid-19, er vi no klar for å sette i gong. 

Vi vil sette opp faste kveldar der det er mulig å bli med å jobbe i studio med ein erfaren teknikar. Har du drive med musikk frå før eller du har lyst å prøve dette ut vil vi gjerne ha deg med! Dette gjeld både dei som spelar instrument og syng, og dei som lagar musikk elektronisk. Vi vil også ha studio ope for å jobbe på eigen hand når det er ope hus oppe på Gymmen Scene.

Har du lyst å bli med eller har spørsmål så ta kontakt 

Innspeling av demo

Har du eller ditt band lyst til å spele inn demo er dette mulig å gjere i Gymmen Studio. Treng du tekniker kan vi vidareformidle kontakt med den rette teknikaren for deg/dykk.

Ta kontakt med Arnt-Ivar Naustdal på arntivar@malakoff.no for meir informasjon eller booking av tid.